Image dialog
Klimaprofil Hordaland
Klimaendringane vil særleg føre til behov for tilpassing med tanke på kraftig nedbør og auka problem med overvatn; havnivåstiging og stormflo; endringar i flaumforhold og flaumstorleikar; og skred.
Flaumen i Odda kommune oktober 2014. Foto: Jomar Bergheim, NVE.
Flaumen i Odda kommune oktober 2014. Foto: Jomar Bergheim, NVE.

Klimaprofilen i sin heilhet kan lastes ned her (pdf)

Kort oppsummert

  • Nedbør og flaum: det er venta vesentleg auke i episodar med kraftig nedbør både i intensitet og førekomst. Dette vil også føre til meir overvatn. Det er venta fleire og større regnflaumar.
  • Stormflo: som følgje av havnivåstiging er det venta auke i stormflonivåa.
  • Skred: faren for for jord-, flaum- og sørpeskred aukar som følgje av auka nedbørmengder. Med eit varmare og våtare klima vil snøgr ensa bli høgre, og regn vil oftare falle på snødekt underlag. Dette kan redusere faren for tørrsnøskred, og auke faren for våtsnøskred i skredutsette område. Det er ikkje venta at klimaendringane vil auke faren for fjellskred vesentleg.